Ledig stilling: Bilmekanikar søkjes til bilhuset Bømlo
Vi søkjer etter ein dugande og erfaren bilmekanikar til vårt bilverkstad i Hollundsdalen på Bremnes.
Vi reparerer alle bilmerke og tek på oss service, feilsøking og alle typar reparasjonar. Vi er godkjende for EU-kontrollar på bilar, varebilar og bobil opp til 7500kg totalvekt. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og som medarbeidar får du påverknad på utviklinga av eigen arbeidsplass og utviklinga av selskapet.
Arbeidsoppgåver:
- Diagnostisering, feilsøking og reparasjon
- Vedlikehald og service av køyretøy
- Gjennomføring av PKK/Godkjenning for EU-godkjenning
- Noko kundekontakt
Kvalifikasjonar: Vi ser etter ein kandidat med følgjande kvalifikasjonar:
- Fagbrev som bilmekanikar og/eller relevant praksis
- Forstår verdien av god kundebehandling og er serviceinnstilt
- Har stor interesse for faget
- Beherskar eller er villig til å lære seg norsk
Vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Nye og moderne lokale
- Godt arbeidsmiljø der vi ser fram til å kome på jobb og møte kollegaer
Søknad:
Vi ser først og fremst etter ein erfaren bilmekanikar, men om du manglar fagbrev som mekanikar men er den rette søkjar, vil vi tilpasse jobben slik at du kan få fagbrev. Lærling kan også vere aktuelt.
Send din søknad og CV til post@bilhusetbomlo.no.
Merk søknaden med «Søknad – Bilmekanikar».
Vi ser fram til å høyre frå deg!