EU-kontroll

eller service -

kva er forskjellen?

Mange trur at bilen ikkje treng service dersom den nettopp har blitt godkjent på EU-kontroll. Men EU-kontroll og service har to heilt forskjellige formål.

Her forklarer me forskjellen – og kvifor bilen kan ha behov for service sjølv om den akkurat har fått godkjent EU-kontroll


EU-KONTROLL


Lovpålagt kontroll av sikkerheit og miljø


Kontrollerer etter lovkrav

Fokus på trafikksikkerheit og miljø

Godkjenning betyr at bilen er lovleg å køyre

Utførast med faste intervall


VS


SERVICE


Vedlikehald for drift og levetid


Følger bilen sitt serviceprogram

Fokus på slitasje, funksjon og førebygging

Sikrar trygg og driftssikker bil over tid

Utførast etter bilprodusenten sine anbefalingar

KVA ER EU-KONTROLL?

EU-kontroll er ein lovpålagt periodisk kontroll der ein autorisert kontrollør sjekkar at bilen oppfyller krav til trafikksikkerheit og miljø.

Dette blir kontrollert:

Bremser
Eksos og utslepp
Styring og hjuloppheng
Dekk
Lys og elektrisk anlegg
Sete og sikkerheitsutstyr
Sikt og speglar
Varsellys og identifikasjon
Understell og ramme
Andre sikkerheitsrelaterte punkt
i
Formålet er å sjekke om bilen er trygg og lovleg å bruke på offentleg veg.
🔧

KVA ER SERVICE?

Service er eit vedlikehaldsarbeid som følger bilen sitt serviceprogram. Her går mekanikaren gjennom bilen, utfører nødvendig vedlikehald og ser etter slitasje eller problem som kan utvikle seg vidare.

Dette kan service innehalde:

Oljeskift og filterskift
Kontroll av batteri
Sjekk av motor og væsker
Sjekk av klimaanlegg
Sjekk av bremsene
Smøring av låser og hengsler
Sjekk av styring og understell
Oppdatering av servicehistorikk
Lesing av feilkodar
Og mykje meir
i
Formålet er å sikre god drift, førebygge problem og ta vare på bilen over tid.

Usikker på kva bilen din treng?

Me hjelper deg!

Kontakt oss for ein uforpliktande prat, så hjelper me deg med å finne ut om bilen treng service, EU-kontroll eller anna vedlikehald.