Dekk, felg og service

Audi Q7

Alt til bilen på ein stad

Hjul og dekk som passar din Audi Q7, og ein verkstad som tek vare på resten – service, EU-kontroll, batteri og bremsar.

Alt til din Audi Q7

Me tek vare på heile bilen – ikkje berre hjula. Her er det me kan hjelpe deg med.

Hjul og dekk

Komplette hjul og sommar- og vinterdekk som passar din Audi Q7.

Finn hjul →

Dekkskift og dekkhotell

Me skiftar hjula og lagrar dei for deg – vaska og sjekka til neste sesong.

Dekkhotell →

Service og reparasjon

Service, reparasjonar og feilsøking på din Audi Q7.

Verkstad →

EU-kontroll

Fast pris 1 395 kr. Me hjelper deg med det som må rettast.

EU-kontroll →

Bilbatteri

Batterisjekk før kulda kjem, og nytt batteri når det trengst.

Bilbatteri →

Bremsar

Kontroll og skift av bremseklossar og bremseskiver.

Bremsar →

Lys og viskarar

Sjekk av lys og pærer, og Bosch vindusviskarar for god sikt.

Lys på bilen →

Tilhengar

Kjøp GAUPEN-tilhengar hos oss, eller lei når du treng det.

Tilhengar →

Finn hjul til din Audi Q7

Ser du etter hjulpakkar til Audi Q7? Her finn du felgar og dekk som er spesielt tilpassa Audi Q7 – Audi sin store SUV med plass til opptil sju personar, quattro firehjulstrekk og høg tilhengarvekt.

Vi tilbyr komplette hjulsett som blir leverte ferdig monterte og balanserte, klare til bruk på din Audi Q7. Enten du treng sommarhjul eller vinterhjul, finn du felg- og dekkpakkar som er tilpassa både originale spesifikasjonar og større, oppgraderte felgstorleikar.

Hos oss finn du hjulpakkar til begge generasjonane av Audi Q7, til Q7 V12 TDI og til den kraftige SQ7. Alle hjulpakkane er nøye tilpassa bilen sin boltsirkel, navmål, innpress og belastning. Merk at dei to generasjonane har ulikt boltmønster: første generasjon (4L, 2006–2015) har 5×130, medan andre generasjon (4M, 2015–) og SQ7 har 5×112. Hjul frå den eine generasjonen passar derfor ikkje på den andre.

Vi hjelper deg òg med å finne rette dimensjonar til din Audi Q7, slik at du får felgar og dekk med riktig belastningsindeks til både sommar- og vinterbruk.

Du blir sendt til nettbutikken vår hos Dekkpartner, der du ser hjul og dekk som passar varianten din. Usikker? Ring oss på 48 32 32 36.

Om Audi Q7

Audi Q7 kom i 2006 og var Audi sin første store SUV. Bilen er kjend for god plass, sju seter som ekstrautstyr, quattro firehjulstrekk og høg tilhengarvekt – ein populær familie- og trekkbil også her på Vestlandet. Andre generasjon kom i 2015, var vesentleg lettare og finst òg som ladbar hybrid (Q7 e-tron og TFSI e).

Hjulpakkar til Audi Q7 finst for:

  • Audi Q7 første generasjon (4L, 2006–2015)
  • Audi Q7 V12 TDI (4L, 2008–2012) – toppversjonen med V12-diesel og større bremsar
  • Audi Q7 andre generasjon (4M, 2015–)
  • Audi SQ7 (4M, 2016–) – sportsversjonen med V8 og større bremsar

Første generasjon har boltsirkel 5×130 og navdiameter 71,6 mm, medan andre generasjon og SQ7 har 5×112 og navdiameter 66,5 mm. Sjekk derfor alltid kva generasjon bilen din er før du vel hjulpakke. Merk: hos Dekkpartner står andre generasjon (2015–) oppført med koden «4L», men pakkane er tilpassa 5×112.

Felg-kompatibilitet Audi Q7

Bolt sirkel 4L (2006–2015): 5 x 130
4M (2015–) og SQ7: 5 x 112
Innpress 4L: ET50-ET55
4M og SQ7: ET30-ET35
Navdiameter 4L: 71,6 mm
4M og SQ7: 66,5 mm
Bolter M14 x 1,5
Vanlige felgstørrelser 18",19",20",21" og 22"

Hvilke felgar passar til Audi Q7?

Vanlege felgstorleikar for Audi Q7 er:

  • 18-19 tommar – god komfort og eit populært val til vinterhjul
  • 20 tommar – god balanse mellom komfort, køyreeigenskapar og sportsleg utsjånad, og minste storleik på SQ7 og V12 TDI
  • 21-22 tommar – sportsleg og markant uttrykk, særleg aktuelt til sommarhjul

Mange vel mindre felgar til vinterbruk og større felgar til sommarbruk. Mindre felgar med høgare dekkside gir normalt betre komfort og tåler hol og kantsteinar betre, medan større felgar gir Audi Q7 eit meir sportsleg uttrykk.

Det viktigaste er å velje hjul for rett generasjon: 4L (2006–2015) har boltsirkel 5×130, medan 4M (2015–) og SQ7 har 5×112. Audi Q7 er òg ein tung bil, så det er viktig å velje dekk med høg nok belastningsindeks (XL). SQ7 og V12 TDI har større bremsar og krev minst 20" felg. Med ei hjulpakke som er riktig tilpassa bilen får du trygg passform, gode køyreeigenskapar og eit hjulsett som fungerer godt under norske forhold.

Mål for kvar variant

Modell År Boltsirkel Innpress Nav Bolt
Audi Q7 (4L) 2006–2015 5 × 130 ET50–55 71,6 mm M14 × 1,5
Audi Q7 V12 TDI (4L) 2008–2012 5 × 130 ET50–55 71,6 mm M14 × 1,5
Audi Q7 (4M) 2015– 5 × 112 ET30–35 66,5 mm M14 × 1,5
Audi SQ7 (4M) 2016– 5 × 112 ET30 66,5 mm M14 × 1,5

Merk: Audi Q7 har to ulike boltmønster – 5×130 på første generasjon (4L, 2006–2015) og 5×112 på andre generasjon (4M, 2015–) og SQ7. Innpress (ET) er spennet for felgane i hjulpakkane hos Dekkpartner, ikkje nødvendigvis originalfelgen. SQ7 og V12 TDI har større bremsar og krev minst 20" felg. Kontroller alltid mot vognkortet eller spør oss før du bestiller.

Treng du hjelp med din Audi Q7?

Lurer du på kva hjul som passar, eller treng bilen service? Ring oss eller send ei melding, så hjelper me deg.